Det hadde vore gode grunnar til ikkje å skrive meir om Tine på ei stund, men når dei i slik grad legg opp til det sjølve, er det vanskeleg å la vera. Mengdevis av maktarrogante meieridirektørar står dagstøtt i kø for å lire av seg dumskap. Continue reading »
Helle slakteri er borte. Det er ille for mange både i og utanfor Valdres. Bøndene lid no, men om det ikkje blir drift att på slakteriet, trur eg krøteri kjem til å lide minst like ille.
Eg er kritisk til mangt. Eg trur ikkje samanslåing i utgangspunktet sparar pengar, eg er mistenksam mot langfrakt, og eg trur ikkje på blåruss. Eg har mangt vondt å seia både om mjølke- og kjøtsamvirket, men eg skal la det liggje akkurat no. Poenget denne gongen er at eg i utgangspunktet er ein trufast samvirkemann, og er heilt med på tanken om at samhald i næringi må til for å gje bøndene noko makt. Trass i dette har eg alltid vore glad for det har funnest eit lokalt slakteri i Valdres, same kor privat det var. Dei fleste veit at kjøtsamvirket fortener atskillige gule kort etter toskut pengebruk og einsidig marknadstenking, og at private ofte kan gjera langt betre nytte for seg. Helle har òg gjort mykje dumt, det er mellom anna difor dei går konkurs, men det er ikkje motsetnadene mellom privat og samvirke eg tenkjer på her.
Eg har berre aldri likt tanken på å sende krøter mile- og timevis i lortute, skumpute, murke og tronge krøterbilar. Dette gjeld krøterbilar i det heile, Nortura sine eller ei. Slikt er ikkje for folk, og ikkje for dyr heller. Eg veit at alle bønder er samde med meg når eg ynskjer både kyr og småkrøter eit godt liv, og dermed ein god ende på livet. Difor har det vore godt å ha eit slakteri i grannekommunen. Di kortare eit dyr må fraktast, di betre er det.
Eg er ingen fanatisk dyre-«vernar», og det er ingen høgtflygande filosofi bak desse tankane. For meg er det rett og slett redeleg at eit dyr som har tent oss godt, skal få ein god utgang. Det skulle i grunnen berre mangle. Me må greie fleire ting på ein gong: å få til ei verdig avliving, samstundes som me skal ha rein og helsesam mat frå dyret, og bonden skal få eit skikkeleg oppgjer for slaktet. Det er akkurat dette Helle slakteri har greidd, stort sett. At fleire bønder no er i ei kattepine fordi dei ikkje har fått oppgjeret sitt, er sjølvsagt ugreitt. Berre bankane no stiller opp snøgt.
Eg hadde vona at Nordfjord kjøtt var interesserte i å slakte i Øystre, men det blir det ingenting av. Me blir ståande utan lokalt slakteri. Eg synest ikkje det me då har å by krøteri er bra nok, sjølv om valdresslakt no køyrer til Gol i staden for Rudshøgda, slik det var tidlegare. Mest mogleg kortreist mat er eit pluss uansett, og stressa slakt smakar surt.
Ei god løysing er at bøndene tek til å slakte heime. I dag finst det gode mobilslakt-løysingar som Mattilsynet òg kan godta, både for stor- og småfe. Kreditorane til Helle vil truleg tapa mindre på å opprette eit nytt mobilslakt-selskap enn å berre leggje ned og selja ut, slik dei ser ut til å gjera. Greier me i tillegg å få lokalt kjøt frå dyr som fekk vera i trygge, kjende omgjevnader heilt til skotet fall, er me sikra betre suvl på alle måtar.
Det blir i alle fall ikkje god fårikål av å la slakteriet koke bort i kålen.
Eg les at 2. nestleiar i Noregs bondelag, Brita Skallerud, kritiserer kronprinsparet for å ha lagt ned gardsdrifti på Skaugum. Då lurer eg på kven sitt ærend Skallerud går.
Skallerud nemner rett nok at nedleggingi seier mykje om kor vanskeleg det er å få lønsemd i norsk landbruk. Der er eg einig. Hovudargumentet hennar ser likevel ut til å vera at kronprinsparet burde prioritere matproduksjon, og at det burde gå an å få Skaugum, med stor mjølkekvote og nytt lausdriftfjøs, til å gå i pluss.
Eg for min del trur faktisk at Haakon, Mette-Marit og den no pensjonerte gardsstyraren Ola Aanonsen er dugande folk. Eg vil tru at dei har prøvd å få Skaugum til å løne seg, og at dei har skjønt at det ikkje går lenger. Eg er rimeleg trygg på at dei veit meir om drifti på Skaugum enn Brita Skallerud gjer. Ho på si side meiner kongefamilien som føregangsfigurar har eit spesielt ansvar for å syne at matproduksjon er ei viktig og grunnleggjande næring, og at dei bør halde fram gardsdrifti av den grunn. Dette må då tyde at Skallerud ynskjer at andre norske bønder skal gjera det same: Drive gardane sine sjølv om dei ikkje ber seg, syne samfunnsansvar, og produsere “det viktigste av alt, nemlig mat”.
Andre nestleiar i Noregs bondelag ser altso ut til å meine at bønder bør drive utan å vente overskot frå drifti. Litt på spissen kan me seia at dette knappast er nye tonar frå bondelaget. Kven sitt ærend går Skallerud når ho vil ha kronprinsparet til å produsere mat sjølv om det ikkje løner seg? Kanskje er det farleg for bondelaget å vedgå at dårleg lønsemd på kjempegarden Skaugum faktisk er eit katastrofalt signal for norsk landbruk i det heile? For viss ikkje prinsegarden løner seg, kva skal då løne seg? For meg ser det ut som Skallerud er redd for å dra merksemdi mot det som faktisk er problemet. Og problemet, godtfolk, er ikkje kronprinsparet, men norsk landbrukspolitikk. Samt til dømes Noregs bondelag si rolle i den politikken.
“Alle” veit at maten i Noreg er dyr. Politikarar, bondelaget og andre skuldar på einannan. Fakta er at nordmenn bruker under 12 prosent av inntekti si på mat, og at alle andre land rundt oss bruker meir. Ingen vågar seia at maten er for billeg, at matkjedone og grossistane tener for mykje, og bøndene for lite. Eg trur lønsemdi i landbruket er dårleg mellom anna fordi Stortinget vil ha det slik. Dette er politikk fleire storting og regjeringar har gange inn for (og Sp i regjering hjelper lite). Svaret mitt blir difor at Brita Skallerud går regjeringi sitt ærend, og ikkje bøndene sitt. Det er ikkje bra av ei som er sett til å representere bøndene.
Kjære Brita Skallerud: Sidan landbruksbyråkratiet aukar i takt med at landbruket minkar, har dei sikkert bruk for deg i Landbruks- og matdepartementet. Lukke til.
Det er godt mogleg Monsanto berre driv med lovlege aktivitetar, men det tyder ikkje at det dei driv med er rett. Dei stryper landbruk i India og andre stader, og tek patent på planter og dyr. Dei prøver å patentere liv. Monsanto må døy.