Fjærland radio er ein FM-radio for Fjærland, Sogn og Fjordane, driven på friviljug basis. Radioen er skipa, og har einingsnummer 994 900 137 i Einingsregisteret.
Me tek gjerne imot pengegåver til kontonummer 3705.17.15234. Me treng pengar til å starta opp og driva radioen. Me har eit førebels budsjett som viser at det kostar om lag 90.000 å starta opp radioen, samt årlege avgifter for td. å spela musikk. Dette er eit reint ikkje-kommersielt føretak, og ingen får inntekter av arbeidet. Takk!
Her finn du stiftingsdokument og vedtekter for radioen.
I tillegg har me eit skriv meint til verksemder og lag i Fjærland. Dette gjev noko bakgrunnsinformasjon om radioen. Du finn det her: Invitasjon til lokale lag og verksemder.
Vil du veta endå meir om tankane bak, ligg det nokre upplysningar um fenomenet på miniradio.origo.no. Kanskje kjem det podkastar og meir moro på denne sida når det lir på litt.