Lisbeth har funne eit godt namn på studioet, inspirert av ein av dei tidlegare postane på denne sida: Dvergemål studio. Det er mange gode grunnar til eit slikt namn: 1) Det let tøft, 2) det er kort og konsist, og 3) det er rikeleg med dvergemål i Fjærland – det kan til tider ljoma imellom fjellsidone når det er steinsprang, skredor eller nyttårsrakettar. Eg tek atterhald om at Rainer og Jan Peter finn seg i namnet, men den saken skal vel gå greit (eg har balltre og veit kvar dei bur).
Eller kva?
Lagt inn i studio
|
Med merkelapp studio
|
Eg har ein Fostex 80-upptakar eg ikkje får til å verke skikkeleg. Kan du hjelpe meg? Eg har prøvd på spor 2 og 3 so langt. Upptaket høyrest fint ut i starten, men so søkk nivået – spesielt høgfrekvensane – brått. Eg har skrive ei litt nøyare skildring av problemet her. Ta kontakt viss du har eit tips!
Lagt inn i studio, utstyr
|
Med merkelapp analog, fostex, studio, utstyr
|
Eg har nok ein gong landa på ei utgåve av frilyd-sida med WordPress, sjiraff oppe i hjørnet og ein del nynorsk. Eg synest dette fungerer greiast av alle dei måtane å laga netside på eg har prøvd. Det nye no er at eg faktisk har lagt ut litt musikk du kan laste ned – med sterk overvekt av Dowland-komposisjonar i Sting-arrangement, rett nok, men dette blir nok betre etterkvart. Spesielt når eg får 80-en til å verke ordentleg, eller finn meg ein 4-spors kassettupptakar so eg får spelt over alle dei gamle kassettane mine.
Lagt inn i Ymist
|
Med merkelapp musikk, net, utstyr, ymse
|
Viss de har sett denne artikkelen i Firda, spesielt nedste delen av artikkelen, har de kanskje sett at det blir planlagt eit studio i Fjærland. Men kva skal det heite? Korkje eg, Rainer eller Jan Peter har eigentleg kome med eit knakande godt namneforslag enno. Bli med og finn namn på studioet: Gå til Origo og legg inn forslag!
Lagt inn i studio
|
Med merkelapp studio
|
Eg er litt i stuss på om eg ein dag, når/viss eg får råd, skal kjøpe ein ny ekkopedal til gitarbruk. På engelsk seier me «delay», dvs. forseinking, og de veit sjølvsagt at det er det akkurat det pedalen gjer: Lagar forseinkingar, ekko, som vart kalla «dvergemål» i Noreg før. Les meir →
Lagt inn i utstyr
|
Med merkelapp analog, ekko, gitar, utstyr
|
I vinter, ein eller annan gong, skal det skje. Eg, Rainer og Jan Peter skal samlast og prate um kva som skal skje med lydstudioet vårt. Me planlegg nemleg å laga eit analogt lydstudio på den mest innlysande plassen du kan ha eit analogt lydstudio: Fjærland. Les meir →
Lagt inn i studio
|
Med merkelapp analog, fostex, studio, tascam
|