Ny bunad

Eg har ikkje hatt noko nyttårslyfte om det, men eg har i alle fall fiksa litt på frilyd. Ettersom det er sers lite nytt på denne sida, men ein del artiklar um eitt og anna, kan det vera lurt å ha ein bunad der alle innleggi er meir likestilte. Slik som denne. Fin?

Les meir

Her kjem det! Starten på eit lite lydkurs

For ikkje lenge sidan held eg eit kurs i lydteknikk i Førde. Dette var eit sokalla storkurs, i regi av Sogn og Fjordane ungdomslag. Eg vil seia kurset var vellukka, og i alle fall artig for kursleiaren. Eg lovde elevane mine å leggje ut kursdokumenti her, og her kjem dei: Sjølve kurset finn du her, [...]

Les meir

Grunnkurs i databruk

Vetteren 2008 hadde eg eit kurs i grunnleggjande databruk for Fjærland kvinne- og familieforeining. Ut frå dette kurset laga eg til eit skriv som oppsummerer det grøvste, og i tillegg la eg ved eit svært snøgt kurs i korleis du bruker Mandriva linux. Og kva betre enn å leggje ut heile kurset her? Klikk her, [...]

Les meir

Tascam 388 i hus. Juhu!

Svein Hansen var so snill å ta kontakt med meg her på frilyd, og slik har det seg at eg har vorte eigar av ein Tascam 388! Han er førebels ikkje i orden (treng truleg ny kapstandrivreim, og det har eg kjøpt), men eg har tru på at eg skal få han i stand. Eg [...]

Les meir

Bli med i Facebook?

Dei siste par dagane har eg fått brålyst til å melde meg på Facebook, rett og slett for å tirrast med alle FrP-arane der. For au, kor mykje dumme folk der er! Koss i svartaste meiner dei til dømes Båtsfjord ville sett ut med Siv som statsminister? Nedlagt før hundredagarsprogrammet hennar var omme. So eg [...]

Les meir

Bøn til ein politikar

Eg plar skrive kronikkar i Valdres no og då, og tenkte eg skulle leggje dei ut på nett, til allmenn underhalding. Her kjem ein. Bøn til ein stortingspolitikar Kjære politikar, du som snart skal fara opp til Tinget og sitja ved høgre handi hass Jens: Kan du prøve å vera eit vanleg menneske? Det kan [...]

Les meir

Smått smakar godt?

Altso: Viss ein øl er bra, må to øl vera dobbelt so bra. Eller? Nei. Det treng det nok ikkje vera.

Les meir

Fredagskveld-haiku

Eg skal sitere ein haiku eg hadde på Origo-sonen «Hemmelig haiku«: Sofa og vinglas. Katten mel på magen min. Vedomn susar stille. —- Og den haikuen kan du sjølvsagt seia akkurat kva du vil um.

Les meir

Sumtid lastefull og lytefull

Eg skal sjølvsagt ikkje basunere ut alle mine feil og manglar her. Det høver seg ikkje, og det tek alt for lang tid. Eg skal berre seia offentleg at eg er klar over (mykje av) det, og at eg er lei for det. Eg, som alle andre, er gløymsk, lat og vel ofte den breie [...]

Les meir

Arch eller Mandriva?

Eg blir visst aldri fornøgd. No har eg brukt Arch linux på den vesle maskina mi ei stund, og er imponert både over uppstartstidi og mykje anna. Men eg er misfornøgd med to ting som er viktige for meg: Automontering og autonetverk. Eg vil at maskina skal ta seg av alt eg puttar inn av [...]

Les meir
© 2012 Frilyd Suffusion theme by Sayontan Sinha