Eg skal sitere ein haiku eg hadde på Origo-sonen «Hemmelig haiku«: Sofa og vinglas. Katten mel på magen min. Vedomn susar stille. —- Og den haikuen kan du sjølvsagt seia akkurat kva du vil um.
Eg skal sjølvsagt ikkje basunere ut alle mine feil og manglar her. Det høver seg ikkje, og det tek alt for lang tid. Eg skal berre seia offentleg at eg er klar over (mykje av) det, og at eg er lei for det. Eg, som alle andre, er gløymsk, lat og vel ofte den breie [...]
Eg blir visst aldri fornøgd. No har eg brukt Arch linux på den vesle maskina mi ei stund, og er imponert både over uppstartstidi og mykje anna. Men eg er misfornøgd med to ting som er viktige for meg: Automontering og autonetverk. Eg vil at maskina skal ta seg av alt eg puttar inn av [...]
Til alle dykk som trur at «gratis dataprogram» tyder «ulovlege dataprogram», og at det er på kanten av loven å laste ned program: De har lete dykk lure. Det er lov å bruke og endre program gratis, fritt, lovleg, i alle samanhengar. Overalt og uansett. Sjølvsagt med det atterhaldet at du passar på å bruke [...]
Eg er dirigent i skulekorpset i år, og får ei godtgjering for det arbeidet. Ein del av denne har eg no brukt på å kjøpe meg ei liti maskin, ei LG X110. Dette er ei maskin med 160GB harddisk og 1GB (snart 2) arbeidsminne. Det gjekk ikkje å få tak i ei slik maskin utan [...]
Eg uppfattar det slik: Sterk religiøs overtyding fører på eitt eller anna tidspunkt til krig. Ut frå hendingane i eit visst aktuelt krigsumråde er det ikkje vanskeleg å koma fram til at religiøse utslag har skuldi både for at krigshandlingane har begynt, og for at dei ikkje ser ut til å ta slutt. Med andre [...]
Det ser ut som eg heng litt etter – alt skal tydelegvis vera digitalt no, og dei som likevel skjønte at analogt var bra, har raska med seg alle dei gode upptakarane, og vil ikkje kvitte seg med dei. Eg er visst ingen rask mann, men eg får prøve her og vone at rett person [...]
I serien «Dei små, viktige tingi i livet»: Me har ei halvgamal smørøskje i keramikk, frå tidleg 70-tal eller deromkring, laga av Stavanger Flint. I dag vart eg reint glad av å sjå på mynsteret og sjølve den kvite, tjukke keramikken. Dette kan me anten sjå som kommentar til pågåande elende i verdi, eller me [...]
Korfor ein radiostasjon i Fjærland er ein god ide, og um politikk og rammevilkår for å sende radiosignal.