For ikkje lenge sidan held eg eit kurs i lydteknikk i Førde. Dette var eit sokalla storkurs, i regi av Sogn og Fjordane ungdomslag. Eg vil seia kurset var vellukka, og i alle fall artig for kursleiaren. Eg lovde elevane mine å leggje ut kursdokumenti her, og her kjem dei: Sjølve kurset finn du her, [...]
Eg er dirigent i skulekorpset i år, og får ei godtgjering for det arbeidet. Ein del av denne har eg no brukt på å kjøpe meg ei liti maskin, ei LG X110. Dette er ei maskin med 160GB harddisk og 1GB (snart 2) arbeidsminne. Det gjekk ikkje å få tak i ei slik maskin utan [...]
Det ser ut som eg heng litt etter – alt skal tydelegvis vera digitalt no, og dei som likevel skjønte at analogt var bra, har raska med seg alle dei gode upptakarane, og vil ikkje kvitte seg med dei. Eg er visst ingen rask mann, men eg får prøve her og vone at rett person [...]
Eg har ein Fostex 80-upptakar eg ikkje får til å verke skikkeleg. Kan du hjelpe meg? Eg har prøvd på spor 2 og 3 so langt. Upptaket høyrest fint ut i starten, men so søkk nivået – spesielt høgfrekvensane – brått. Eg har skrive ei litt nøyare skildring av problemet her. Ta kontakt viss du [...]
Eg har nok ein gong landa på ei utgåve av frilyd-sida med WordPress, sjiraff oppe i hjørnet og ein del nynorsk. Eg synest dette fungerer greiast av alle dei måtane å laga netside på eg har prøvd. Det nye no er at eg faktisk har lagt ut litt musikk du kan laste ned – med [...]
Eg er litt i stuss på om eg ein dag, når/viss eg får råd, skal kjøpe ein ny ekkopedal til gitarbruk. På engelsk seier me «delay», dvs. forseinking, og de veit sjølvsagt at det er det akkurat det pedalen gjer: Lagar forseinkingar, ekko, som vart kalla «dvergemål» i Noreg før.