Eg er dirigent i skulekorpset i år, og får ei godtgjering for det arbeidet. Ein del av denne har eg no brukt på å kjøpe meg ei liti maskin, ei LG X110. Dette er ei maskin med 160GB harddisk og 1GB (snart 2) arbeidsminne. Det gjekk ikkje å få tak i ei slik maskin utan [...]
Det ser ut som eg heng litt etter – alt skal tydelegvis vera digitalt no, og dei som likevel skjønte at analogt var bra, har raska med seg alle dei gode upptakarane, og vil ikkje kvitte seg med dei. Eg er visst ingen rask mann, men eg får prøve her og vone at rett person [...]
Eg har ein Fostex 80-upptakar eg ikkje får til å verke skikkeleg. Kan du hjelpe meg? Eg har prøvd på spor 2 og 3 so langt. Upptaket høyrest fint ut i starten, men so søkk nivået – spesielt høgfrekvensane – brått. Eg har skrive ei litt nøyare skildring av problemet her. Ta kontakt viss du [...]
Viss de har sett denne artikkelen i Firda, spesielt nedste delen av artikkelen, har de kanskje sett at det blir planlagt eit studio i Fjærland. Men kva skal det heite? Korkje eg, Rainer eller Jan Peter har eigentleg kome med eit knakande godt namneforslag enno. Bli med og finn namn på studioet: Gå til Origo [...]
I vinter, ein eller annan gong, skal det skje. Eg, Rainer og Jan Peter skal samlast og prate um kva som skal skje med lydstudioet vårt. Me planlegg nemleg å laga eit analogt lydstudio på den mest innlysande plassen du kan ha eit analogt lydstudio: Fjærland.