Frilyd
i Fjærland
Kategori: Samfunnet

Det er godt mogleg Monsanto berre driv med lovlege aktivitetar, men det tyder ikkje at det dei driv med er rett. Dei stryper landbruk i India og andre stader, og tek patent på planter og dyr. Dei prøver å patentere liv. Monsanto må døy.

Kategori: Samfunnet

Er du aktuell rektor? Søk, søk. Les meir i Sogn avis!

Kategori: Ymist

Januar er over for i år. Eit minne frå Jølstravatnet januar 2010, i form av ein haiku: Skeisor på føtom / Slett sterk blank glatt kald vid is / Stål skrapar stødig Takk, januar og Jølstravatnet!

Kategori: Ymist

Eg har ikkje hatt noko nyttårslyfte om det, men eg har i alle fall fiksa litt på frilyd. Ettersom det er sers lite nytt på denne sida, men ein del artiklar um eitt og anna, kan det vera lurt å ha ein bunad der alle innleggi er meir likestilte. Slik som denne. Fin?

Kategori: Samfunnet

Dei siste par dagane har eg fått brålyst til å melde meg på Facebook, rett og slett for å tirrast med alle FrP-arane der. For au, kor mykje dumme folk der er! Koss i svartaste meiner dei til dømes Båtsfjord ville sett ut med Siv som statsminister? Nedlagt før hundredagarsprogrammet hennar var omme. So eg [...]

Kategori: Ymist

Eg plar skrive kronikkar i Valdres no og då, og tenkte eg skulle leggje dei ut på nett, til allmenn underhalding. Her kjem ein. Bøn til ein stortingspolitikar Kjære politikar, du som snart skal fara opp til Tinget og sitja ved høgre handi hass Jens: Kan du prøve å vera eit vanleg menneske? Det kan [...]

Kategori: Ymist

Altso: Viss ein øl er bra, må to øl vera dobbelt so bra. Eller? Nei. Det treng det nok ikkje vera.

Kategori: Ymist

Eg skal sitere ein haiku eg hadde på Origo-sonen «Hemmelig haiku«: Sofa og vinglas. Katten mel på magen min. Vedomn susar stille. —- Og den haikuen kan du sjølvsagt seia akkurat kva du vil um.

Kategori: Ymist

Eg skal sjølvsagt ikkje basunere ut alle mine feil og manglar her. Det høver seg ikkje, og det tek alt for lang tid. Eg skal berre seia offentleg at eg er klar over (mykje av) det, og at eg er lei for det. Eg, som alle andre, er gløymsk, lat og vel ofte den breie [...]

Kategori: Ymist

Eg blir visst aldri fornøgd. No har eg brukt Arch linux på den vesle maskina mi ei stund, og er imponert både over uppstartstidi og mykje anna. Men eg er misfornøgd med to ting som er viktige for meg: Automontering og autonetverk. Eg vil at maskina skal ta seg av alt eg puttar inn av [...]