Frilyd
i Fjærland
Kategori: studio, utstyr
Tascam 388, nett pakka upp.

Svein Hansen var so snill å ta kontakt med meg her på frilyd, og slik har det seg at eg har vorte eigar av ein Tascam 388! Han er førebels ikkje i orden (treng truleg ny kapstandrivreim, og det har eg kjøpt), men eg har tru på at eg skal få han i stand. Eg [...]

Kategori: utstyr

Det ser ut som eg heng litt etter – alt skal tydelegvis vera digitalt no, og dei som likevel skjønte at analogt var bra, har raska med seg alle dei gode upptakarane, og vil ikkje kvitte seg med dei. Eg er visst ingen rask mann, men eg får prøve her og vone at rett person [...]

Kategori: studio, utstyr

Eg har ein Fostex 80-upptakar eg ikkje får til å verke skikkeleg. Kan du hjelpe meg? Eg har prøvd på spor 2 og 3 so langt. Upptaket høyrest fint ut i starten, men so søkk nivået – spesielt høgfrekvensane – brått. Eg har skrive ei litt nøyare skildring av problemet her. Ta kontakt viss du [...]

Kategori: utstyr

Eg er litt i stuss på om eg ein dag, når/viss eg får råd, skal kjøpe ein ny ekkopedal til gitarbruk. På engelsk seier me «delay», dvs. forseinking, og de veit sjølvsagt at det er det akkurat det pedalen gjer: Lagar forseinkingar, ekko, som vart kalla «dvergemål» i Noreg før.