Svein Hansen var so snill å ta kontakt med meg her på frilyd, og slik har det seg at eg har vorte eigar av ein Tascam 388! Han er førebels ikkje i orden (treng truleg ny kapstandrivreim, og det har eg kjøpt), men eg har tru på at eg skal få han i stand. Eg skal skrive ei uppdatering her no og då. Til so lenge skal eg berre syne dykk eit bilete av herlegdomen. Eg gler meg til å ta fatt! Og no kan eg ikkje skrive meir, for eg skal stad og reingjera han litt før eg legg meg :-)

Tascam 388, nett pakka upp.

Tascam 388, nett pakka upp.

 

Eg er dirigent i skulekorpset i år, og får ei godtgjering for det arbeidet. Ein del av denne har eg no brukt på å kjøpe meg ei liti maskin, ei LG X110. Dette er ei maskin med 160GB harddisk og 1GB (snart 2) arbeidsminne. Det gjekk ikkje å få tak i ei slik maskin utan windows, men det gjer sjølvsagt ingenting: Innan sers kort tid var windows ute, og Linux inne. :)

Eg prøvde ut Mandriva fyrst. Det er ein flott distribusjon, men der verka ikkje vevkameraet skikkeleg. So fekk eg brått hug til å sitja i times- og dagavis og lesa rettleiingar og mødesamt setja upp maskina. Difor la eg inn Arch linux.

Inntrykket etter eit par dagars bruk er at det tek tid å setja upp maskina, du må vera datagauk, og du lesa deg upp. Det du får att, er ganske god oversikt over koss systemet fungerer og rask uppstart. Ikkje sidan forsøki mine med BeOS har eg hatt ei maskin som starta so raskt!

Eg kjører XFCE som skrivebord, og Opera som net- og epostlesar. Eg er nøgd. Ting går kjapt og fint, og Opera (som eg ikkje har brukt noko serleg før) er overraskande bra. No står det att å prøve ut alle lydprogrammi eg har lagt innpå. Eg har tenkt å bruke maskina til å ta upp med Ardour, nemleg. Gler meg litt til å sjå um noko slikt kan verke på ei maskin som, samanlikna med ei vanleg maskin i dag, ikkje er serleg rask.

Røynslor til i dag, 8. februar: Ardour og Jack verkar finfint. Eg har spelt inn… skal me sjå… 8 spor i 48 KHz til no, og det er ingen vanskar. Eg får sjå når eg skal til med miksing, klang og EQ.

 

Lisbeth har funne eit godt namn på studioet, inspirert av ein av dei tidlegare postane på denne sida: Dvergemål studio. Det er mange gode grunnar til eit slikt namn: 1) Det let tøft, 2) det er kort og konsist, og 3) det er rikeleg med dvergemål i Fjærland – det kan til tider ljoma imellom fjellsidone når det er steinsprang, skredor eller nyttårsrakettar. Eg tek atterhald om at Rainer og Jan Peter finn seg i namnet, men den saken skal vel gå greit (eg har balltre og veit kvar dei bur).

Eller kva?

 

Eg har ein Fostex 80-upptakar eg ikkje får til å verke skikkeleg. Kan du hjelpe meg? Eg har prøvd på spor 2 og 3 so langt. Upptaket høyrest fint ut i starten, men so søkk nivået – spesielt høgfrekvensane – brått. Eg har skrive ei litt nøyare skildring av problemet her. Ta kontakt viss du har eit tips!

 

Viss de har sett denne artikkelen i Firda, spesielt nedste delen av artikkelen, har de kanskje sett at det blir planlagt eit studio i Fjærland. Men kva skal det heite? Korkje eg, Rainer eller Jan Peter har eigentleg kome med eit knakande godt namneforslag enno. Bli med og finn namn på studioet: Gå til Origo og legg inn forslag!

 

I vinter, ein eller annan gong, skal det skje. Eg, Rainer og Jan Peter skal samlast og prate um kva som skal skje med lydstudioet vårt. Me planlegg nemleg å laga eit analogt lydstudio på den mest innlysande plassen du kan ha eit analogt lydstudio: Fjærland. Continue reading »

© 2012 Frilyd Suffusion theme by Sayontan Sinha