I det siste har eg lese inn ei lydbok for Valdres mållag, nemleg barneboki Pekka, elva og eventyret av vestreslidringen, bonden og den særs gode forfattaren Knut Hauge. I år er det 100 år sidan han vart fødd, og dermed er det Hauge-år. Mållaget vil laga ei gratis lydbok som nedlasting i høve jubileet, og eg har fått uppdraget å lesa inn.

Til det trengst utstyr. Eg har fått kjøpt inn eit betre lydkort, nemleg eit Edirol FA-101. 10 inn, 10 ut, firewire og 192kHz/24bit, nok knottar og knappar til at du kan styre det utan spesialprogramvare. Det beste er at det ikkje har støyproblem slik UA-25 har, og det verste var at eg brukte ei stund på å få det til å fungere med Linux: alt for mykje hakk og treigskap. Heldigvis finst det folk som gidd å sitja å laga gode løysingar til oss som skal laga musikk med Linux. Eg leitte ei stund, og etter at eg fann AV Linux, var det ikkje noko problem! Eg har lese inn alt saman i Ardour, gjennom ein Heil PR40 dynamisk mikrofon og lydkortet til ei berbar datamaskin.

Lydboki finn du på heimesidone til mållaget frå 31. mai, som er 100-årsdagen til Hauge. Lydbok som gratis nedlasting! Juhu! Sei gjerne kva du synest.

 

 

I desember i 2009 var eg med Tom Stockman og spelte inn musikkvideo på Harastølen i Luster. Sivelin Kjølstad og Lene S. Neverdal både filma og redigerte, og resultatet vart ganske artig! Du kan sjå det her: Tom Stockman: Uro. Redigert av Sivelin Kjølstad og Lene S. Neverdal.

 

No har eg endeleg gjort ferdig innspelingi eg begynte på for um lag åtte månader sidan – det var liksom siste sjansen før me byggjer hus, og stakkars «vesle» Tascam 388 blir pakka ned for ei stund (han kjem nok på plass i nytt studio etterkvart, skal du sjå).

Eg skal fyrst be um orsaking til alle dykk som kan musikk og lyd. Slik går det når du bruker utstyr frå 1983, for lite tid og eit byttekott av eit rom. Då, utan vidare dikkedarar, skal de få musikken!

Last ned (ogg-fil), (flac-fil)

Instrument og utstyr

  • Takaminen min
  • Telecaster
  • Langeleik
  • Bodhrán
  • Kinderegg med ris
  • Stylophone
  • Røyst
  • Kawai-bassen eg overtok frå far min
  • Upptaksutstyr: Studio projects B3, Really nice compressor, Tascam 388 kvarttoms åttespors upptakar og miksar, Edirol UA-25 lydkort.
  • Effekt: Danelectro PB&J ekko (el plastico mucho cheapo)
  • Akustisk tilpassa rom? Ja liksom.
 

For ikkje lenge sidan held eg eit kurs i lydteknikk i Førde. Dette var eit sokalla storkurs, i regi av Sogn og Fjordane ungdomslag. Eg vil seia kurset var vellukka, og i alle fall artig for kursleiaren. Eg lovde elevane mine å leggje ut kursdokumenti her, og her kjem dei:

Sjølve kurset finn du her,

og her er vedleggi – eitt forenkla og eitt meir realistisk skjema over signalgangen i eit lydanlegg.

Det kjem meir, eg skal laga til ei meir ordentleg utgåve av kurset etterkvart. Det er litt tøft at dette, so vidt eg veit, er det fyrste meir eller mindre fullstendige grunnkurs i lydteknikk på nynorsk på nettet, so langt mi vankunne femnar. Viss de er i tvil um noko som står i kurset, er det berre å ta kontakt! post alfakrull frilyd punktum tk skulle fungere.

 

Svein Hansen var so snill å ta kontakt med meg her på frilyd, og slik har det seg at eg har vorte eigar av ein Tascam 388! Han er førebels ikkje i orden (treng truleg ny kapstandrivreim, og det har eg kjøpt), men eg har tru på at eg skal få han i stand. Eg skal skrive ei uppdatering her no og då. Til so lenge skal eg berre syne dykk eit bilete av herlegdomen. Eg gler meg til å ta fatt! Og no kan eg ikkje skrive meir, for eg skal stad og reingjera han litt før eg legg meg :-)

Tascam 388, nett pakka upp.

Tascam 388, nett pakka upp.

 

Eg er dirigent i skulekorpset i år, og får ei godtgjering for det arbeidet. Ein del av denne har eg no brukt på å kjøpe meg ei liti maskin, ei LG X110. Dette er ei maskin med 160GB harddisk og 1GB (snart 2) arbeidsminne. Det gjekk ikkje å få tak i ei slik maskin utan windows, men det gjer sjølvsagt ingenting: Innan sers kort tid var windows ute, og Linux inne. :)

Eg prøvde ut Mandriva fyrst. Det er ein flott distribusjon, men der verka ikkje vevkameraet skikkeleg. So fekk eg brått hug til å sitja i times- og dagavis og lesa rettleiingar og mødesamt setja upp maskina. Difor la eg inn Arch linux.

Inntrykket etter eit par dagars bruk er at det tek tid å setja upp maskina, du må vera datagauk, og du lesa deg upp. Det du får att, er ganske god oversikt over koss systemet fungerer og rask uppstart. Ikkje sidan forsøki mine med BeOS har eg hatt ei maskin som starta so raskt!

Eg kjører XFCE som skrivebord, og Opera som net- og epostlesar. Eg er nøgd. Ting går kjapt og fint, og Opera (som eg ikkje har brukt noko serleg før) er overraskande bra. No står det att å prøve ut alle lydprogrammi eg har lagt innpå. Eg har tenkt å bruke maskina til å ta upp med Ardour, nemleg. Gler meg litt til å sjå um noko slikt kan verke på ei maskin som, samanlikna med ei vanleg maskin i dag, ikkje er serleg rask.

Røynslor til i dag, 8. februar: Ardour og Jack verkar finfint. Eg har spelt inn… skal me sjå… 8 spor i 48 KHz til no, og det er ingen vanskar. Eg får sjå når eg skal til med miksing, klang og EQ.

 

Det ser ut som eg heng litt etter – alt skal tydelegvis vera digitalt no, og dei som likevel skjønte at analogt var bra, har raska med seg alle dei gode upptakarane, og vil ikkje kvitte seg med dei. Eg er visst ingen rask mann, men eg får prøve her og vone at rett person les innlegget:

Eg er på utkikk etter ein analog fleirsporsupptakar. Um du har ein 4-spors kassettupptakar, ein Tascam 388 eller ei kvart- eller halvtums spolebandmaskin i god stand og med gode hovud: Ta kontakt!

(Det høyrer med til soga at eg knapt har pengar å kjøpe for, men eg jobbar med saken.)

 

Lisbeth har funne eit godt namn på studioet, inspirert av ein av dei tidlegare postane på denne sida: Dvergemål studio. Det er mange gode grunnar til eit slikt namn: 1) Det let tøft, 2) det er kort og konsist, og 3) det er rikeleg med dvergemål i Fjærland – det kan til tider ljoma imellom fjellsidone når det er steinsprang, skredor eller nyttårsrakettar. Eg tek atterhald om at Rainer og Jan Peter finn seg i namnet, men den saken skal vel gå greit (eg har balltre og veit kvar dei bur).

Eller kva?

 

Eg har ein Fostex 80-upptakar eg ikkje får til å verke skikkeleg. Kan du hjelpe meg? Eg har prøvd på spor 2 og 3 so langt. Upptaket høyrest fint ut i starten, men so søkk nivået – spesielt høgfrekvensane – brått. Eg har skrive ei litt nøyare skildring av problemet her. Ta kontakt viss du har eit tips!

 

Viss de har sett denne artikkelen i Firda, spesielt nedste delen av artikkelen, har de kanskje sett at det blir planlagt eit studio i Fjærland. Men kva skal det heite? Korkje eg, Rainer eller Jan Peter har eigentleg kome med eit knakande godt namneforslag enno. Bli med og finn namn på studioet: Gå til Origo og legg inn forslag!

© 2012 Frilyd Suffusion theme by Sayontan Sinha