Januar er over for i år. Eit minne frå Jølstravatnet januar 2010, i form av ein haiku:
Skeisor på føtom / Slett sterk blank glatt kald vid is / Stål skrapar stødig
Takk, januar og Jølstravatnet!
Januar er over for i år. Eit minne frå Jølstravatnet januar 2010, i form av ein haiku:
Skeisor på føtom / Slett sterk blank glatt kald vid is / Stål skrapar stødig
Takk, januar og Jølstravatnet!
For ikkje lenge sidan held eg eit kurs i lydteknikk i Førde. Dette var eit sokalla storkurs, i regi av Sogn og Fjordane ungdomslag. Eg vil seia kurset var vellukka, og i alle fall artig for kursleiaren. Eg lovde elevane mine å leggje ut kursdokumenti her, og her kjem dei:
og her er vedleggi – eitt forenkla og eitt meir realistisk skjema over signalgangen i eit lydanlegg.
Det kjem meir, eg skal laga til ei meir ordentleg utgåve av kurset etterkvart. Det er litt tøft at dette, so vidt eg veit, er det fyrste meir eller mindre fullstendige grunnkurs i lydteknikk på nynorsk på nettet, so langt mi vankunne femnar. Viss de er i tvil um noko som står i kurset, er det berre å ta kontakt! post alfakrull frilyd punktum tk skulle fungere.
Vetteren 2008 hadde eg eit kurs i grunnleggjande databruk for Fjærland kvinne- og familieforeining. Ut frå dette kurset laga eg til eit skriv som oppsummerer det grøvste, og i tillegg la eg ved eit svært snøgt kurs i korleis du bruker Mandriva linux. Og kva betre enn å leggje ut heile kurset her?
Svein Hansen var so snill å ta kontakt med meg her på frilyd, og slik har det seg at eg har vorte eigar av ein Tascam 388! Han er førebels ikkje i orden (treng truleg ny kapstandrivreim, og det har eg kjøpt), men eg har tru på at eg skal få han i stand. Eg skal skrive ei uppdatering her no og då. Til so lenge skal eg berre syne dykk eit bilete av herlegdomen. Eg gler meg til å ta fatt! Og no kan eg ikkje skrive meir, for eg skal stad og reingjera han litt før eg legg meg

Tascam 388, nett pakka upp.
Dei siste par dagane har eg fått brålyst til å melde meg på Facebook, rett og slett for å tirrast med alle FrP-arane der. For au, kor mykje dumme folk der er! Koss i svartaste meiner dei til dømes Båtsfjord ville sett ut med Siv som statsminister? Nedlagt før hundredagarsprogrammet hennar var omme.
So eg lurte altso på å tirre på meg svært mange prosent av Facebook-brukarane, til eg kom på at det truleg ikkje hjelpte noko som helst. So eg får tirrast ved dei her i staden, då. Utan at det hjelper noko. Her er det i alle fall færre som les det.
Eg plar skrive kronikkar i Valdres no og då, og tenkte eg skulle leggje dei ut på nett, til allmenn underhalding. Her kjem ein.
Kjære politikar, du som snart skal fara opp til Tinget og sitja ved høgre handi hass Jens: Kan du prøve å vera eit vanleg menneske?
Det kan vera ei sann plage å sjå politikarar på fjernsyn. Det kan vera ille nok å høyre på radio, ja, endåtil politikarinnlegg i valdresen plar kleie. Fordi eg enno ikkje har sett eller høyrt ein høgståande politikar på riksplan som ikkje pratar politikarspråk. Dette kan gjelde folk eg elles reknar for dugande og likande. Kva er det med politikarar som gjer at dei ikkje kan prate som anna folk?
Eg kan ikkje seia det for visst, men eg mistenkjer kommunikasjonsrådgjevarane og partiapparatet, rett og slett den skulen politikarane går gjennom før dei blir rekna som «skikka» til tunge verv på tinget. Det må minsann vera ein merkeleg dressur, og so heilt identisk i alle større parti. Endå so langt eg står frå dei indre sirklane i noko parti, ser eg dagleg kva påbod rikspolitikarane må ha fått frå dressørane sine.
Det fyrste bodet tippar eg er «ta oppatt kjernesakene dine i kvar ein samanheng». Dette ser me ved at alle storkultane – og nokre småfisk – messar oppatt og oppatt på helse, skule og eldre (politikarspråk for «gamle»). Politikarane har fått veta frå bakkemannskapet sitt at dei har kort tid på skjermen, og at den tidi må nyttast godt. Difor høyrer du omtrent same skvalderet frå både Siv, Jens og Erna, og du får inntrykket av at alle parti står for det same. Det er altso fordi dei alle har vore gjennom same kommunikasjonsdressuren.
Andre bod er vel «du skal veta alt, du skal aldri ta feil, og Partiet har alltid rett». Eg har til gode å høyre ein politikar over kommunestyrenivå som kan innrømme at han tek feil, og då meiner eg ordentleg. Vanleg folk er faktisk i stand til å seia «nei, der tok eg feil, kar». Og korfor kan ingen rikspolitikarar vedgå at dei kan for lite om eit emne, sjølv om det skin so klårt igjennom i det dei seier? Fordi det å ta feil er ei dødssynd i den sekti som alle politiske rådgjevarar må vera medlemmar i. Tenk kor godt det ville vera å høyre Lars Sponheim seia at «dette kan eg for lite om, gitt». Eller Kristin Halvorsen som kunne vedgå at ho ikkje var einig i alt SV står for. Eller sjølvaste Jens som, utan å skulde på andre, kunne seia ærleg at partiet hans slett ikkje har gjort det dei skulle. Synderegisteret her er langt.
Tredje bodet er truleg «rakk ned på motstandarane dine, for det er god underhaldning». Ein type underhaldning eg aldri orkar å sjå på, og difor skrur av so snart fjeset til Siv Jensen syner seg. No har ho lært å bruke eit lågt stemmeleie, og å sjå oppgjeven ut kvar gong nokon av motstandarane hennar opnar munnen. Det er pinleg å sjå. Sjølv om det kan vera stor kunst å vera kvass på rette måten, veit eg ikkje om nokon statsrådar eller partileiarar som greier denne kunsti i dag. Ikkje kronikkskribentar frå Øvre Røn heller.
Det fjorde bodet ser du tydeleg hjå mange fleire enn rikspolitikarane: «Ta alt av godt nytt til inntekt for Partiet». Når noko godt nytt for ein gong si skuld blir servert, kan du vera sikker på at ein eller annan fylkestingsrepresentant sprett opp her i avisa og fortel om alt Partiet har gjort for å få dette til. Som regel har den positive hendingi ingenting med noko parti å gjera.
Alt dette fører til at politikarspråket er ei einaste suppe, der du må sile deg gjennom alt strategisk tomprat frå dei politiske stylistane og sminkørane før du eventuelt kjem fram til kva politikaren eigentleg meiner. Difor er bøni mi i år at i alle fall ein politikar prøver å tenkje sjølv. Eg kan godt bera over med dykk om de ikkje får det til, men kan de i alle fall prøve?
Altso: Viss ein øl er bra, må to øl vera dobbelt so bra. Eller? Nei. Det treng det nok ikkje vera.
Eg skal sitere ein haiku eg hadde på Origo-sonen «Hemmelig haiku«:
Sofa og vinglas.
Katten mel på magen min.
Vedomn susar stille.
—-
Og den haikuen kan du sjølvsagt seia akkurat kva du vil um.
Eg skal sjølvsagt ikkje basunere ut alle mine feil og manglar her. Det høver seg ikkje, og det tek alt for lang tid. Eg skal berre seia offentleg at eg er klar over (mykje av) det, og at eg er lei for det. Eg, som alle andre, er gløymsk, lat og vel ofte den breie vegen. Orsak.