Det hadde vore gode grunnar til ikkje å skrive meir om Tine på ei stund, men når dei i slik grad legg opp til det sjølve, er det vanskeleg å la vera. Mengdevis av maktarrogante meieridirektørar står dagstøtt i kø for å lire av seg dumskap.
Meieriet på Føssei blir lagt ned, slik planen har vore frå fyrste spadetaket vart teke på gigantanlegget på Kalbakken. Med ein slik enorm kostnad som det nye anlegget får, er det ikkje noko anna alternativ. Eg har vondt for å tru at styret i Tine ikkje visste dette då kostnadsoverslaget for Kalbakken vart lagt fram. Logikken er såre enkel: Skal Tine ha råd til å drive Kalbakken, må noko anna leggast ned. Altså har konsernleiingi og styret i praksis halde Valdres og dei andre innlandsdalane for narr heilt fram til faktiske drøftingar og vedtak om nedlegging på Føssei omsider kom avisone, bøndene og alle andre for øyra.
Dette er harde, men rette ord. Valdres har langt frå fått god nok informasjon om kva planer Tine hadde. Pressemeldingi om å leggje ned Føssei kom so seint som mai i år. Tidlegare visekonsernsjef, no konsernsjef Stein Øyom, sa til «Valdres» i juli i fjor at det såg stygt ut for «eit knippe meieri». Vedtaket om utbygging på Kalbakken kom året før det att, etter planlegging sidan 90-talet – alt i fylgje tine.no. Vegen mot undergangen for Tine Meieriet Fosheim vart altså stukken ut for lenge sidan, alt medan konsernet har gjort sine hosor grøne hjå valdreskommunane, og dei tilsette på sjølve meieriet truleg har hatt von for framtidi. Det står ein illtev frå heile affæren.
Det ville aldri hendt at eit meierianlegg som gjekk med overskot vart lagt ned, dersom det var lokale, eigarstyrte samvirke som hadde kontrollen, i staden for eit topptungt multibyråkrati med åtte konsernsjefar og ei mengd meir eller mindre danna underdirektørar – slik som kommunikasjonsrådgjevar Øystein Knoph, som forsvara at Sprett mellommåltidsdrikk blir produsert av sveitsisk mjølk slik: folk forstår nok at Tine må prøve ut produktet på den norske marknaden før dei kjøper maskinor til å tappe væta på slike små flaskor. Media og vanlege folk veit ikkje sitt eige beste, tydelegvis.
Nedlegging på Føssei og produksjon i Sveits passar sjølvsagt perfekt med Tine sine planer for framtidi. Høyr berre, godtfolk: «TINE har som ambisjon at en stadig større andel av selskapets vekst skal skje utenfor Norges grenser.» Det står på tine.no. Koss kan dette vera i eigarane si interesse? Tine er i teorien eit samvirke, men har fleire dotterselskap rundt om i verdi, som mellom anna produserer Jarlsberg på lisens – og ikkje nett med norsk mjølk, far. I USA er det Alpine Cheese i Ohio som lagar osten. Dette har den fiffige verknaden at Tine eig og driv eit selskap som konkurrerer ut norsk mjølk. Difor må den norskproduserte jarlsbergen subsidierast til under halv pris før han går til eksport, og marknadskanonane spyr sjølvsagt ut glansa bilete av norsk natur for å selja denne amerikanske osten. Skal me ta Tine-konsernet på ordet, er det akkurat dette systemet som er målet, rettnok under den misivisande overskrifti «Bygger merkevarer – på norsk». Jau takk.
Konsernleiingi er med andre ord seigmenn. Dei rullar seg velnøgde i si eiga søte overtyding om at vekst i Tine er bra, uansett på kva måte det skjer, og med eller utan samtykke frå dei handlingslamma eigarane.
Eigarane, ja. Bøndene. Toppleiingi vernar seg mot dei gjennom eit hand- og fotbunde stråmannstyre og innfløkte organisasjonsledd, og let hærskarar av overbetalte, makteslause mellomleiarar gjera grovarbeidet. Dyre konsulentrapportar med profesjonell layout kan enkelt skaffast for å stadfeste det leiingi frå før visste og ville.
Slikt som veks av seg sjølv, utan kontroll og utan anna kontakt med vertsorganismen enn ei parasittisk utsuging, kallar me ein svulst. Det finst fleire hjelperåder mot slik ugreie, men alle er smertefulle for verten, og alle krev ein hard indremedisinsk kur. Bøndene må setja fyrste sprøyta sjølve, og det trur eg dei fullt i stand til. Men godt blir det ikkje.

  6 svar til “Direktørsvulst og meieriarroganse”

  1. Det var da ei voldsom til breiside mot TINE og kanskje mest mot oss eiere som har engasjert oss i styringen av selskapet. For meg ser det ut som du ønsker å vektlegge alle faktorer bortsett fra høyest mulig mjølkepris. Men det overveldende ønsket fra eiere er at TINE først og fremst skal arbeide for en best mulig mjølkepris til bonden. Og nettopp dette signalet tar de ansatte i TINE meget alvorlig. Og jeg er imponert over den vi-følelsen og lojaliteten jeg som eier møter hos våre ansatte.

    Ellers må jeg si at det blir umulig å ta tak i detaljene i innlegget ditt, for det blir så altfor langt fra den virkelighet en ser når en kommer litt inn på sakene.

    Men jeg kan når som helst delta i en diskusjon med deg om de veivalg som TINE står overfor i den nærmeste framtid.

  2. Takk for innspel. Breisida er temmeleg kraftig, og eg meiner ho er fullt fortent. Mjølkeprisen kunne eg gjerne vektlagt meir, spesielt ettersom det er eit faktum at den har stande omtrent stille dei siste tredve åra. Det tilsvarar ein reell nedgang på ganske mange prosent, fordi krona er mindre verdt i dag enn td. i 1981. Mjølkeprisen ut i butikk er mykje høgare i dag enn for tredve år sidan, men bonden får omtrent det same ut i kroner som den gong. Kvar har differansen vorte av? Viss dette er å ta mjølkeprisen alvorleg, må eg seia at (kjøt- og) mjølkesamvirket har mislukkast ganske spektakulært med jobben.

    Lojalitet med mjølkesamvirket er isolert sett bra, men ikkje når interessene til leiargruppa gjennom mange år har vorte så vidt ulike interessene til bøndene. Ingen bønder skal programforpliktast til å danse etter Tine-leiinga si pipe, og må ha lov å tenkje sjølv. Det same gjeld oss som ikkje er bønder – eg har ein meiningsrett eg har tenkt å bruke.

    Elles må eg seia det er interessant at eg er langt frå røynda du opplever. Eg hadde vorte glad om du kunne informere meg litt, og gjerne seia litt om Tine sitt engasjement i utlandet, jfr. innlegget mitt. Inntil vidare er standpunktet mitt at dette ikkje er i norske bønder si interesse.

  3. Hvordan ser du for deg Tine om 20 år og 10 tusen melkeleverandører? Tine blir kanskje et minikonsern som går konkurs og blir oppkjøpt av Arla!

    • Det kjem alt an på koss Tine steller seg. Det finst mange moglege framtider for Tine, og det er konsernet sjølv som avgjer utfallet. Det eg vonar, er at sentralleddet i konsernet blir kraftig nedskore, og at mesteparten av makti blir overført til kvart einskilt meierianlegg og tilhøyrande produsentlag. Det eg fryktar, er at konsernet kjem til å bli eit investeringsfond i utanlandsk næringsmiddelindustri, som har lite med norsk landbruk å gjera, og at dette framandgjorte konsernet blir styrt av same mafiaen som no.

      Som sagt: Mykje kan skje, og bøndene må sjølve ta att makti over samvirket sitt og avgjera kva som skal skje.

  4. Når det gjelder mjølkepris er det ikke tvil om at det var mer lukrativt å være råvareprodusent før i tida, men jeg har problem med å sammenligne nå og så langt tilbake. Jeg har erfaring bare fra de siste 15 åra, og da vil jeg si at 2010 var det året med best pris relativt sett også mens jeg har drevet. Prisen ble: kr 4,53, mens prisen i 2007 var ca 3,80 dette må da være godt over gen. prisstigning?
    Så ser jeg du ikke har stor forståelse for eierorganiseringa i TINE. Jeg vil si det på den måten at det finnes neppe et samvirke i Norge som bruker så mye energi og penger på å gi hver enkelt eier over hele landet lik innflytelse over utviklingen i selskapet. Men husk at vi er ca 15000 eiere, så det må lages systemer for representasjon for at dette skal fungere. Det blir upraktisk med et årsmøte med 15000 deltakere som hver skal si sin mening. Og disse innfløkte organisasjonsledd skal dekke helt fra Tana til Jæren med de forskjellene som ligger i dette.
    Når det gjelder TINE sin satsing utlandet, så er det jo Jarlsberg i USA som er det som utgjør absolutt mest. At vi har startet lisensproduksjon i Ohio skyldes to ting, det ene er Jarlsberg sin popularitet det andre er WTO, synes jeg å huske. Nå selges det mere Jarlsberg i USA enn det vi får lov å eksportere gjennom vår kvote i WTO. Derfor er det laget andre metoder for å forsyne det markedet som er opparbeidet. Og der er vi bare fordi det gir overskudd, som igjen går tilbake til mjølkeprisen.

    • Kort svar (eg skal svara nøyare sidan): Det er ikkje det at Tine er eit samvirke som er problemet, tvert imot. Det er berre det at samvirke fungerer best i mindre einingar, der det er meir direkte kontroll over kvart meierianlegg. Det kan ikkje nektast, i noko fall, at Tine-leiinga er alt for langt frå eigarane sine, og at dei elles er ein arrogant gjeng, kort sagt.

      Jarlsberg og WTO: Braut ikkje WTO-forhandlingane saman på det punktet? Og subsidiert eksport er av det vonde. Skal Jarlsberg-osten eksporterast, får han jammen koste det han kostar å produsere. Å subsidiere varer for eksport er rett og slett som å pisse i broki – det gjev stuttvarig varme, og blir etterkvart både kaldt og illeluktande. Om osten er bra nok, vil han bli kjøpt.

 Legg att eit svar

(required)

(required)

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

 
© 2012 Frilyd Suffusion theme by Sayontan Sinha