Eg les at 2. nestleiar i Noregs bondelag, Brita Skallerud, kritiserer kronprinsparet for å ha lagt ned gardsdrifti på Skaugum. Då lurer eg på kven sitt ærend Skallerud går.

Skallerud nemner rett nok at nedleggingi seier mykje om kor vanskeleg det er å få lønsemd i norsk landbruk. Der er eg einig. Hovudargumentet hennar ser likevel ut til å vera at kronprinsparet burde prioritere matproduksjon, og at det burde gå an å få Skaugum, med stor mjølkekvote og nytt lausdriftfjøs, til å gå i pluss.

Eg for min del trur faktisk at Haakon, Mette-Marit og den no pensjonerte gardsstyraren Ola Aanonsen er dugande folk. Eg vil tru at dei har prøvd å få Skaugum til å løne seg, og at dei har skjønt at det ikkje går lenger. Eg er rimeleg trygg på at dei veit meir om drifti på Skaugum enn Brita Skallerud gjer. Ho på si side meiner kongefamilien som føregangsfigurar har eit spesielt ansvar for å syne at matproduksjon er ei viktig og grunnleggjande næring, og at dei bør halde fram gardsdrifti av den grunn. Dette må då tyde at Skallerud ynskjer at andre norske bønder skal gjera det same: Drive gardane sine sjølv om dei ikkje ber seg, syne samfunnsansvar, og produsere “det viktigste av alt, nemlig mat”.

Andre nestleiar i Noregs bondelag ser altso ut til å meine at bønder bør drive utan å vente overskot frå drifti. Litt på spissen kan me seia at dette knappast er nye tonar frå bondelaget. Kven sitt ærend går Skallerud når ho vil ha kronprinsparet til å produsere mat sjølv om det ikkje løner seg? Kanskje er det farleg for bondelaget å vedgå at dårleg lønsemd på kjempegarden Skaugum faktisk er eit katastrofalt signal for norsk landbruk i det heile? For viss ikkje prinsegarden løner seg, kva skal då løne seg? For meg ser det ut som Skallerud er redd for å dra merksemdi mot det som faktisk er problemet. Og problemet, godtfolk, er ikkje kronprinsparet, men norsk landbrukspolitikk. Samt til dømes Noregs bondelag si rolle i den politikken.

“Alle” veit at maten i Noreg er dyr. Politikarar, bondelaget og andre skuldar på einannan. Fakta er at nordmenn bruker under 12 prosent av inntekti si på mat, og at alle andre land rundt oss bruker meir. Ingen vågar seia at maten er for billeg, at matkjedone og grossistane tener for mykje, og bøndene for lite. Eg trur lønsemdi i landbruket er dårleg mellom anna fordi Stortinget vil ha det slik. Dette er politikk fleire storting og regjeringar har gange inn for (og Sp i regjering hjelper lite). Svaret mitt blir difor at Brita Skallerud går regjeringi sitt ærend, og ikkje bøndene sitt. Det er ikkje bra av ei som er sett til å representere bøndene.

Kjære Brita Skallerud: Sidan landbruksbyråkratiet aukar i takt med at landbruket minkar, har dei sikkert bruk for deg i Landbruks- og matdepartementet. Lukke til.

 Legg att eit svar

(required)

(required)

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

   
© 2012 Frilyd Suffusion theme by Sayontan Sinha