Eg uppfattar det slik: Sterk religiøs overtyding fører på eitt eller anna tidspunkt til krig. Ut frå hendingane i eit visst aktuelt krigsumråde er det ikkje vanskeleg å koma fram til at religiøse utslag har skuldi både for at krigshandlingane har begynt, og for at dei ikkje ser ut til å ta slutt. Med andre ord: Eg meiner risikoen for krig og overgrep er direkte proporsjonal med graden av religion. Sameleis: Mindre religion (og ver no so snill å ikkje lesa dette som «færre religiøse», din fundamentalist) fører truleg til mindre krig. Eg for min del takkar dagleg Gud for at eg ikkje er religiøs
Dette skal de faktisk få på engelsk òg:
It is my opinion that the strength of religious feelings, aka. fundamentalism, is directly proportional to the probability of war and violent atrocities. Thus, the less religion (and please do not read this as «the less religious», you fundamentalist), the less the risk of war. Thank God I’m not religious
Ein teologisk forskar har uttalt seg at det er Israels folk si eiga feil at det er krig der; Då josva leda folket innn i det nye landet (han overtok då moses døyde) fekk dei beskjed av herren å drepe alle som budde der frå før. Dette gjorde dei ikkje (dei drap berre dei som satte seg i mot og levde i forsoning med resten), og etterkommarane av desse er dei som dei slest mot den dag i dag. Konflikten er med anna ord nesten fem tusen år gammal.
Eg går ut frå at korkje du eller den teologiske forskaren meiner at det gamle israelsfolket skulle teke livet av alle som budde der? Framlegget frå forskaren er sjølvsagt på sin måte interessant, spesielt ettersom det etter mitt syn styrkar teorien min: Vøre det mindre religion, vøre det ogso mindre ufred.
Vel, viss det er rett som bibelforskaren seier, at palestinarar/arabarar stammar ned frå det folket som budde der då, så er det interessant å tenke seg kor vidt Islam ville eksistert, i følge sansynligheits- og tilfeldigheitsberegning frå kvanteteorien så hadde den ikkje det…
Viss no også ekstremkonservative kristne har rett i at muslimar (eg har forstått det som den same folkegruppa, men veit ikkje heilt…) er reint gjennom hedningar og opphavet til mesteparten av volden som skjer i no tid (eg misstenker at det er enten satt veldig på spissen, eller at det er eit resultat av ytterleggåande ekstremkonservatisme…), kan det også være inntterresssanntt (eg diggar doble konnsonantar) å fundere korleis verden hadde vært utifå det perspektiv.
Og ein ting til på som kan bevisas via kvanteteoriens sansynligheitsberegning: At serverklokka di er feil har mest sannsynligvis ingenting med Gaza-krigen å gjer…
Eh. Kvantesannsynsrekning? Dette vart litt for langt ute for meg. At Islam ville eksistert eller ikkje ut frå kor blodige dei gamle israelittane ville vore, er noko det ikkje går an rekne på. Eg held meg heller til usannsynsrekning, ei grein som vart oppfunni av vår kjære, avlidne forfattar Douglas Adams.
Og tenarklokka mi held til i India.