Det er lov å bruke fri programvare.

Til alle dykk som trur at «gratis dataprogram» tyder «ulovlege dataprogram», og at det er på kanten av loven å laste ned program:

De har lete dykk lure. Det er lov å bruke og endre program gratis, fritt, lovleg, i alle samanhengar. Overalt og uansett.

Sjølvsagt med det atterhaldet at du passar på å bruke fri programvare (definisjonar her og her). Det tyder altso noko anna enn Windows, Word og Powerpoint – ja, det finst noko anna. Dette er program som har andre namn enn dei du er vane med – dei heiter til dømes Mandriva Linux og Openoffice. Men dei verkar på um lag den måten du er van med, og viktigast: Dei er frie for kven som helst å bruke, endre, gje vidare og gjera um lag kva du vil med. Heilt lovleg. Og særs mykje finst på nynorsk, fordi folk har vilja og kunna umsetja. Dugnad, heiter det, og kven som helst datakunnig nynorsking kan vera med!

So kva ventar du på? Hiv ut Windows, kjøp aldri meir eit einaste program! Men å gje ein skjerv er noko heilt anna. Det er både lov og rosverdig.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymist med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>