Eg blir visst aldri fornøgd. No har eg brukt Arch linux på den vesle maskina mi ei stund, og er imponert både over uppstartstidi og mykje anna. Men eg er misfornøgd med to ting som er viktige for meg: Automontering og autonetverk. Eg vil at maskina skal ta seg av alt eg puttar inn av pliggar [dvs. minnepinnar] og dilikt, og eg vil at maskina skal prøve å vera påkopla netet heile tidi. Det går tydeleg an i Arch, det er ikkje det, men eg har korkje fått netverkshandteraren, wicd eller andre måtar til å funke i Arch. Eg byrjar å gå lei av akkurat det.
Der kjem Mandriva inn som eit godt døme på noko som verkar utan vidare. Men der må eg truleg mekke for å få uppstartstidi kortare, og elles skjera burt ein del eg ikkje treng (harddrake ved uppstart og slikt). Det er superlett i Arch – /etc/rc.conf inneheld alt du treng og ikkje treng. Spørsmålet er altso kor mykje eg gidd å styre, anten med Arch eller Mandriva… :-/
Helsing Eivind, som er litt lat og berre vil ha linuxdistribusjonen sin til å verke perfekt med ein gong…