Eg er dirigent i skulekorpset i år, og får ei godtgjering for det arbeidet. Ein del av denne har eg no brukt på å kjøpe meg ei liti maskin, ei LG X110. Dette er ei maskin med 160GB harddisk og 1GB (snart 2) arbeidsminne. Det gjekk ikkje å få tak i ei slik maskin utan windows, men det gjer sjølvsagt ingenting: Innan sers kort tid var windows ute, og Linux inne.
Eg prøvde ut Mandriva fyrst. Det er ein flott distribusjon, men der verka ikkje vevkameraet skikkeleg. So fekk eg brått hug til å sitja i times- og dagavis og lesa rettleiingar og mødesamt setja upp maskina. Difor la eg inn Arch linux.
Inntrykket etter eit par dagars bruk er at det tek tid å setja upp maskina, du må vera datagauk, og du må lesa deg upp. Det du får att, er ganske god oversikt over koss systemet fungerer og rask uppstart. Ikkje sidan forsøki mine med BeOS har eg hatt ei maskin som starta so raskt!
Eg kjører XFCE som skrivebord, og Opera som net- og epostlesar. Eg er nøgd. Ting går kjapt og fint, og Opera (som eg ikkje har brukt noko serleg før) er overraskande bra. No står det att å prøve ut alle lydprogrammi eg har lagt innpå. Eg har tenkt å bruke maskina til å ta upp med Ardour, nemleg. Gler meg litt til å sjå um noko slikt kan verke på ei maskin som, samanlikna med ei vanleg maskin i dag, ikkje er serleg rask.
Røynslor til i dag, 8. februar: Ardour og Jack verkar finfint. Eg har spelt inn… skal me sjå… 8 spor i 48 KHz til no, og det er ingen vanskar. Eg får sjå når eg skal til med miksing, klang og EQ.