I vinter, ein eller annan gong, skal det skje. Eg, Rainer og Jan Peter skal samlast og prate um kva som skal skje med lydstudioet vårt. Me planlegg nemleg å laga eit analogt lydstudio på den mest innlysande plassen du kan ha eit analogt lydstudio: Fjærland.
Noko er alt gjort. Me har lånt eit beist av ei 1-toms 16-sporsmaskin, ein Tascam 85-16, som bør vera brukbar til og med til kritiske upptak. Me manglar å kjøpe lydband, og å avmagnetisere, rense og justere ho. Rainer er utdanna både svak- og sterkstraumselektrikar, og er i stand til å justere og setja opp maskinene skikkeleg. Det er ein viktig del av det å ha eit godt lydstudio.
I tillegg til dette har eg privat kjøpt ein mindre upptakar, ein Fostex 80. Dette er ei kvarttoms 8-sporsmaskin, liti og snerti. Eg har òg kjøpt ein Fostex 450 8-kanals 4-buss upptaksmiksar som høyrer med. Dette er kjekt og transportabelt til mindre upptak, og eg har tenkt å bruke det sjølv heime. I tillegg er lydbandet billegare – om lag 150 kr for ein rull i staden for vel 1000 for ein 1-tomsrull til Tascamen. Frå før har eg eit par OK nærfeltsmonitorar frå Tascam, og me kan låne miksar, mikrofonar, stativ og kablar frå ungdomslaget. Millombels studiorom kan vera på bygdahuset. Me er alt i gang, godtfolk.
Det me treng for å koma skikkeleg upp og gå, er ein god masterupptakar (sjølvsagt helst halvtoms, men me kan godt ta td. ein kvarttoms Otari MX-5050, om nokon har ein liggande, nokre gode mikrofonar,mikrofonforsterkarar,analoge effektar (plateklang og ekko), kompressorar og anna dynamisk utstyr, samt ein liten her av smådingsar.
På sikt treng me òg både større og mindre upptakarar (tenk alt frå Nagra til Studer), samt eit betre upptaksrom. Kort sagt, og dette er alvorleg meint: Send pengar! Kontakt oss på epost: post på frilyd punktum tk.
PS: Eg hadde tenkt å skrive «ljod» for «lyd» her, men det høvde dårleg med namnet på netstaden (frilyd). Difor, altso.