Dvergemål

Eg er litt i stuss på om eg ein dag, når/viss eg får råd, skal kjøpe ein ny ekkopedal til gitarbruk. På engelsk seier me «delay», dvs. forseinking, og de veit sjølvsagt at det er det akkurat det pedalen gjer: Lagar forseinkingar, ekko, som vart kalla «dvergemål» i Noreg før.

Det finst sjølvsagt mange slag ekkopedalar. Alt for mange. Billege, dyre, analoge, digitale (eller band!), med eller utan ordentleg forbikopling, og med eller utan  ymse tilleggsfunksjonar: pingpong, modulasjon og so bortover.

Eg hugsar då eg begynte å spela elgitar, og fekk mine fyrste effektboksar. Det viktigaste (reint bortsett frå å få tak i dei) var at dei let bra. Eg er litt glad for å seia at det framleis er det viktigaste: Eg vil ha ein pedal som let bra. Samstundes bør han vera analog (men det ser ut som eg må droppe det, gett), ha ordentleg forbikopling (engelsk: true bypass), og han bør vera billeg.

Eg har sikkert for lite å gjera, men eg har altso spekulert litt på dette, og trur eg endar med å byggje ein sjølv. BYOC ping-pong delay. Pedalen skal sjølvsagt heite Dvergemål.

Men eg er open for andre forslag, altso.  Eg har alt sett på Biyang AD-8. Dette er ein billeg pedal, og sikkert ikkje av toppklasse, men han har same brikka som BYOC-pedalen, og er ei oppgradering frå AD-7, som eg har prøvd. Den var for so vidt artig, og eg likte rundgangslyden, der pedalen matar tilbake ekkosignalet i krinsen og legg endå meir ekko på. MXR Carbon copy har eg òg sett på. Flott lyd, men eg vil ha lengre ekkotid. Memory man, Memory lane og andre analoge pedalar er jaddi meg for dyre. So det får bli digital, då. Og tenk å byggje ein sjølv, og kunna kalle han for Dvergemål! Tøft, seier eg.

Dette innlegget vart lagt inn i utstyr med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>