So kort kan det vel seiast. Me har to radiokanalar i Fjærland (P1 og P2), ingen Dab-radio. Ein dag på jobb fekk eg hug til å høyre noko anna musikk enn dei har på dei to kanalane, og begynte å leikje med tanken: Det vøre jammen tøft med ein eigen radiosendar, slik at eg kunne setja på spelaren min heime, og høyre musikk på radio i bokbyen!

Tanken modna etterkvart, og eg begynte å undersøkje kva som skal til for å gjera det i tråd med reglar og forskrifter. Det er ein god del. Du må søkje Post- og teletilsynet um sendarløyve, og Medietilsynet um lokalradiokonsesjon. Og det kostar pengar, i tillegg til det sendarutstyret kostar deg. Berre for å understreke: Eg er sjølvsagt heilt for å drive ein radiokanal i tråd med forskriftene frå tilsynet, so sant det går an. Meir um det under.

So var det igår eg kom i prat med Rainer, og nemnde planene mine. Han sa på spøk at Fjærland eigentleg alltid har vore ein eigen republikk, og at ein piratradio her ville vera heilt på sin plass. Eg byrjar å bli meir og meir einig. Viss eg får råd til delene, har eg lyst til å byggje min eigen radiosendar, setja upp antenne ein stad i Fjærland og laga ein radiokanal.

På grunn av kommentarar andre stader har eg funne ut at ideen krev litt meir forklaring. Altso: Mellom anna på grunn av risiko for å forstyrre viktige frekvensar (interferens), og fordi det er rekna som ein avgrensa ressurs, forvaltar Post- og teletilsynet det elektromagnetiske spekteret på vegner av styresmaktene. Det er fullt gyldig å diskutere grunnlaget for den detaljerte forvaltningi, altso korfor alle radiofrekvensar skal vera under sopass streng kontroll, og eg har tenkt på um det går an å drive lobbyverksemd for enkle «nærmiljøsendarar» utan byråkratisk handsaming, dvs. at tilsynet kunne gje løyve til å bruke ein viss frekvens i eit lite utbygd umråde dersom det ikkje fanst andre sendarar der. Fjærland er ein slik stad. Eg har ikkje spurt tilsynet um dette enno: Det er truleg ikkje vits, og viss tilsynet skal endre politikk, vil det ta tid.

Post- og teletilsynet skal vera sjølvfinansiert ved at dei som søkjer um sendar- og spektrumløyve, betaler avgifter til tilsynet. Ved å søkje, og betala gebyret, kan du få løyve til å setja upp ein sendar og bruke ein viss frekvens. Vidare må du, viss eg forstår reglane rett, uansett søkje Medietilsynet um sendekonsesjon. I denne konsesjonen ligg det krav um kva type innhald som skal sendast og når du kan sende. Det finst fleire slag konsesjonar, men ingen av dei høver, so vidt eg kan sjå, for ikkje-kommersielle nærmiljø- eller bygdaradioar som den me planlegg. Det meste er laga til for større aktørar, og konsesjonssøknadene er umfattande. Det går an å diskutere um dette er god politikk i høve til presse- og ytringsfridomen i Noreg. Vesentleg for denne fridomen er, enkelt sagt, at kven som helst kan ytre seg um kva som helst offentleg. Rett nok har me internettradio, men for dei aller, aller fleste er ikkje dette tilgjengeleg teknologi, eller ein gong teknologi dei kan eller vil nytte. Radio i Noreg er lik FM-sendingar, og i nokre høve AM-sendingar.

Som de vil sjå, er det ikkje so enkelt som det kan sjå ut å laga radio. Eg drøftar um det går an å å laga eit medietilbod utan å skapa forstyrringar i radionetet, samstundes som me unngår byråkrati og gebyr. Det kan vera dette er ein utopi, og det synest eg i so fall er litt synd. Skal me ikkje kunna få det til? Er ein piratradio – i Fjærland! – so skrekkeleg? Eg uppmodar sjølvsagt kven som helst til å søkje um sendarløyve (og betala gebyret som hører med), men eg er ikkje sikker på um eg kjem til å gjera det. Eg kjem truleg ikkje til å laga nokon radiokanal heller.

 

Lisbeth har funne eit godt namn på studioet, inspirert av ein av dei tidlegare postane på denne sida: Dvergemål studio. Det er mange gode grunnar til eit slikt namn: 1) Det let tøft, 2) det er kort og konsist, og 3) det er rikeleg med dvergemål i Fjærland – det kan til tider ljoma imellom fjellsidone når det er steinsprang, skredor eller nyttårsrakettar. Eg tek atterhald om at Rainer og Jan Peter finn seg i namnet, men den saken skal vel gå greit (eg har balltre og veit kvar dei bur).

Eller kva?

 

Eg har ein Fostex 80-upptakar eg ikkje får til å verke skikkeleg. Kan du hjelpe meg? Eg har prøvd på spor 2 og 3 so langt. Upptaket høyrest fint ut i starten, men so søkk nivået – spesielt høgfrekvensane – brått. Eg har skrive ei litt nøyare skildring av problemet her. Ta kontakt viss du har eit tips!

des 132008
 

Eg har nok ein gong landa på ei utgåve av frilyd-sida med WordPress, sjiraff oppe i hjørnet og ein del nynorsk. Eg synest dette fungerer greiast av alle dei måtane å laga netside på eg har prøvd. Det nye no er at eg faktisk har lagt ut litt musikk du kan laste ned – med sterk overvekt av Dowland-komposisjonar i Sting-arrangement, rett nok, men dette blir nok betre etterkvart. Spesielt når eg får 80-en til å verke ordentleg, eller finn meg ein 4-spors kassettupptakar so eg får spelt over alle dei gamle kassettane mine.

 

Viss de har sett denne artikkelen i Firda, spesielt nedste delen av artikkelen, har de kanskje sett at det blir planlagt eit studio i Fjærland. Men kva skal det heite? Korkje eg, Rainer eller Jan Peter har eigentleg kome med eit knakande godt namneforslag enno. Bli med og finn namn på studioet: Gå til Origo og legg inn forslag!

 

Eg er litt i stuss på om eg ein dag, når/viss eg får råd, skal kjøpe ein ny ekkopedal til gitarbruk. På engelsk seier me «delay», dvs. forseinking, og de veit sjølvsagt at det er det akkurat det pedalen gjer: Lagar forseinkingar, ekko, som vart kalla «dvergemål» i Noreg før. Continue reading »

 

I vinter, ein eller annan gong, skal det skje. Eg, Rainer og Jan Peter skal samlast og prate um kva som skal skje med lydstudioet vårt. Me planlegg nemleg å laga eit analogt lydstudio på den mest innlysande plassen du kan ha eit analogt lydstudio: Fjærland. Continue reading »

© 2012 Frilyd Suffusion theme by Sayontan Sinha