Det hadde vore gode grunnar til ikkje å skrive meir om Tine på ei stund, men når dei i slik grad legg opp til det sjølve, er det vanskeleg å la vera. Mengdevis av maktarrogante meieridirektørar står dagstøtt i kø for å lire av seg dumskap.
Ikkje akkurat analogt: Edirol FA-101I det siste har eg lese inn ei lydbok for Valdres mållag, nemleg barneboki Pekka, elva og eventyret av vestreslidringen, bonden og den særs gode forfattaren Knut Hauge. I år er det 100 år sidan han vart fødd, og dermed er det Hauge-år. Mållaget vil laga ei gratis lydbok som nedlasting i høve jubileet, og [...] |
|
Tom Stockman-musikkvideo!I desember i 2009 var eg med Tom Stockman og spelte inn musikkvideo på Harastølen i Luster. Sivelin Kjølstad og Lene S. Neverdal både filma og redigerte, og resultatet vart ganske artig! Du kan sjå det her: Tom Stockman: Uro. Redigert av Sivelin Kjølstad og Lene S. Neverdal. |
Formyndarpartiet og direktivet deiraI desse dagar skal Stortinget røyste over datalagringsdirektivet. Kanskje har det alt røysta, og kanskje har Arbeidarpartiet fått trumfa gjennom viljen sin: eitt direktiv til å styra deim, og i myrkret binda deim. |
Slakt heimeHelle slakteri er borte. Det er ille for mange både i og utanfor Valdres. Bøndene lid no, men om det ikkje blir drift att på slakteriet, trur eg krøteri kjem til å lide minst like ille. Eg er kritisk til mangt. Eg trur ikkje samanslåing i utgangspunktet sparar pengar, eg er mistenksam mot langfrakt, og [...] |
Wild mountain honey, honey!No har eg endeleg gjort ferdig innspelingi eg begynte på for um lag åtte månader sidan – det var liksom siste sjansen før me byggjer hus, og stakkars «vesle» Tascam 388 blir pakka ned for ei stund (han kjem nok på plass i nytt studio etterkvart, skal du sjå). Eg skal fyrst be um orsaking [...] |
Kven sitt ærend går du, Brita Skallerud?Eg les at 2. nestleiar i Noregs bondelag, Brita Skallerud, kritiserer kronprinsparet for å ha lagt ned gardsdrifti på Skaugum. Då lurer eg på kven sitt ærend Skallerud går. Skallerud nemner rett nok at nedleggingi seier mykje om kor vanskeleg det er å få lønsemd i norsk landbruk. Der er eg einig. Hovudargumentet hennar ser [...] |
Monsanto må vekkDet er godt mogleg Monsanto berre driv med lovlege aktivitetar, men det tyder ikkje at det dei driv med er rett. Dei stryper landbruk i India og andre stader, og tek patent på planter og dyr. Dei prøver å patentere liv. Monsanto må døy. |
JanuarhaikuJanuar er over for i år. Eit minne frå Jølstravatnet januar 2010, i form av ein haiku: Skeisor på føtom / Slett sterk blank glatt kald vid is / Stål skrapar stødig Takk, januar og Jølstravatnet! |